PRATESJUKE GILDEMEDLEMMER I 2. STEINKJER PÅ UTEMØTE

Om Se

UTEMØTE PÅ SNEPPAHAUGEN

Vi tar jo alltid atterhald om korleis veret er spådd når vi skal ha utemøte. I lang tid vart det meldt varmt og fint, og 18 av våre 22 medlemmer møtte opp onsdag 1. juni ved Sneppahuken på Sneppahaugen ved Trana gård.

Vi var lystne på å møtast, pratesjuke og spente på ein plass vi aldri har vori på tidlegare, sjølv om plassen ligg nær sentrum. Det er bygd ein fin gapahuk der som barnehage og skole veit å bruke. Det er også informasjonsplakat der om tidlegare bruk av plassen. Her er nemleg gravhaugar frå jarnalderen, og spor etter ein prosesjonsveg.

Om gjennomsnittsalderen er 80 år i gildet vårt, var lysten stor til å synge om kapp med fuglane, og til å grille pølse og lage godt pinnebrød. Oppskrifta på pinnebrød står i «på speiding», redigert av Karin Bardal, no vår medlem og tidlegare gildemester. Boka vart utgitt av Norges KFUK-Speidere i 1984,og på side 139 står det: «Selve svenneprøven på primitiv matlaging er pinnebrød. (Oppskrift følger): «4 never mel, 1 knivsodd salt, 1 knivsodd bakepulver, vann. Spe med vann til du får en deig som lar seg forme- den må ikke være for klissete». Det gjekk bra, og brøda lukta av leirbål som før i tida. Bålkaffe frå svartkjel vart også populært, og praten gjekk i duft av bål og heggblomster. Vi avslutta ein fin kveld med Margrete Parms «Dag er endt» og Speiderbønn.

Tekst/foto: Sigrun Skjesol